Vèl møtt til:
 
SOGN GAMMALDANSFESTIVAL

 

Gaupne

 

13. – 15. AUGUST 2004

 

 

 

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Parken a/l og gammaldansmiljøet i Gaupne inviterer med dette til

SOGN GAMMELDANSFESTIVAL
 

 

 


For femte gong er det ei glede å be inn alle gammaldansentusiastar til eit nytt treff i Gaupne. Me har etter kvart funne ein familievenleg profil på festivalen vår, der trivselen står i høgsetet.

Dansarar, spelemenn og tilhøyrarar er hjarteleg velkomne til ei helg med mykje god musikk i eit triveleg miljø!

Denne gongen vil eitt namn setja sin preg på helga, då det denne hausten er 20 år sidan trekkspelaren, komponisten, notesamlaren og kulturarbeidaren Oddvar Stegegjerdet døydde i altfor ung alder.

 

Program for Sogn gammaldansfestival 2004 i korte trekk:

 

Fredag 13.august: ”Takk for sist- kveld” på Pyramiden senterkafè, med dans og moro utover kvelden.

 

Laurdag 14.august:

 

Som vanleg vil festivaldeltakarane få ei naturoppleving med ”på kjøpet”. Denne gongen går turen til Engjadalen, ein snartur opp frå Gaupne sentrum. Turen vert kortare enn før, men me trur det vil verta ei fin oppleving både sosialt og ikkje minst med tanke på utsynet!

 

Kl. 15.00 – 17.00 er det klart for Oddvar Stegegjerdet –konsert i Parken. Her vil festivaldeltakarane kunne stifte nærare kjennskap til denne særprega musikaren og kulturarbeidaren, som heile gammaldansmiljøet i Sogneregionen har så mykje å takka for. Musikarar frå fleire kantar av landet som stod Oddvar nær vil delta under denne konserten. I tillegg kan me by på utstillingar og servering. Det er svært gledeleg om både lokale og tilreisande spelemenn kan delta på konserten med ”Oddvar-stoff”. Kontakt gjerne underteikna for notar.

Konserten vert skipa til i samarbeid med familien, samt gamle spelevener av Oddvar.

 

Kl. 20.00 – 02.00 er det duka for stordans i Parken. Det vil bli dans frå fleire scener store deler av kvelden. I tillegg til gratisbillettar vert musikarane sponsa med grillmat i løpet av kvelden.

 

Søndag 15. august inviterer me som vanleg på kaffi og noko å bita i før heimreis!

 

 

 

SOGN GAMMALDANSFESTIVAL 13.-15. august

-fokus på Oddvar Stegegjerdet

 

Sogn gammaldansfestival i Gaupne vart arrangert første gong i år 2000, og har etter kvart opparbeidd seg eit rykte som ein festival der trivselen står i høgsetet.

Denne gongen vil eitt namn setja sin preg på helga, då det denne hausten er 20 år sidan trekkspelaren, komponisten, notesamlaren og kulturarbeidaren Oddvar Stegegjerdet døydde i altfor ung alder.

 
 

 


Oddvar Stegegjerdet var ein landskjend

musikar som saman med

spelemannsgruppa si heldt ei mengd

konsertar i NRK radio og gav ut i alt seks

eigne langspelplater med gammaldans-

musikk, forutan at han medverka i ei rad

andre plateinnspelingar.

Sjølv samla Stegegjerdet lokale slåttar,

og komponerte og arrangerte sjølv ei

mengd melodiar for gamaldansorkester

og korps. I Luster var han dirigent for

fleire vaksne- og skulekorps.

 

Sogn gammaldansfestival vil denne

gongen heidre Oddvar Stegegjerdet sitt

minne med ein konsert og utstilling

laurdag ettermiddag under festivalen.

I høve dette er arrangørane takksame for alle bidrag dei kan få frå fjern og nær gjennom tonar, notar, ord eller på anna vis!

Lokale eldsjeler i samarbeid med fylkesarkivet er no i gang med å samle saman notemateriale som òg vert ein del av utstillinga.

Inviterte gjester frå fleire kantar av landet vil ta del i denne konserten.

 

Sogn gammaldansfestival i korte trekk:

 

Fredag 13. august:       Gammaldanskveld med dugnadsspeling

Laurdag 14. august:      Konsert og utstilling

                                   Dans frå 2 scener

Søndag 15. august:       Kaffi og vafler før heimreis

 

I tillegg kan vertane som vanleg by dei tilreisande på busstur i Lustranaturen.

 

Opplysningar om arrangementet, samt reportasje frå fjoråret, finn du på www.breheimen.com

 

Eller du kan ta direkte kontakt med Arve Bjørn Røneid (95076386, abron@online.no) for meir informasjon.

 

Vel møtt til Sogn gammaldansfestival!!!

Dersom du tykkjer Sogn gammaldansfestival kan vera noko for deg og dine, sjå nedanfor for fleire opplysningar og påmelding:  Fyldig reportasje frå fjorårets arrangement finn du på www.breheimen.com

 

_______________________________________________________________

 

 

Me reknar med at dei fleste tilreisande ynskjer å bu på Sandvik camping (300 m frå Parken og Pyramiden). Her er det gode leiketilhøve for barn og fleire bualternativ, med hytter av varierande storleik og standard og god plass til campingvogner.

 

Det kan vera smart å tinga hytte tidleg, då det er eit avgrensa tal hytter med høg standard. For campingplassen sin del er det fint dersom storparten av spelinga på sein kvelds- og nattetid føregår innomhus.

Telefonnummeret til Sandvik Camping: 57 68 11 53, fax 57 68 16 71

Internett:  www.pluscamp.no/sandvik

 

Det kan òg nemnast at både Sandvik Camping, Pyramiden Senterkafè og Parken har skjenkeløyve…

 

Har du eit orkester som ynskjer å delta på Sogn gammaldansfestival? Kan du tenkja deg å delta på Oddvar Stegegjerdet sin minnekonsert?

 

Ta ein telefon eller send ein e-post til ein av dei underteikna dersom du ynskjer å vera med! Me kan vera til hjelp med å skaffa komp!

Sei ifrå kven som er med i gruppa, samt ynskje om speletid(er). Me kan ikkje gjera alle til lags, men er du tidleg ute, er sjansen større for å få ei ”attraktiv” speling.

 

Vel møtt til Sogn gammaldansfestival!!!

 

 

Arve Bjørn Røneid                  Asbjørn Røneid             Hans Erik Lingjerde

Pb 58                            

6866 GAUPNE

95076386                                95191867                       41616149

abron@online.no

 

 

Odd Atle Stegegjerdet    Kåre Øvregard

99459374                       57681154