Mangt og mykje som spelar inn på det vanskelege valet, 
svigermor til dømes...

 

”Skal – skal ikkje”

Dramatisk folkemusikk med Kvarts

LINDEMANNSALEN, NORGES MUSIKKHØGSKOLE

TYSDAG 17.09 KL 20.00

BILL KR 150,-

Under folkemusikkfestivalen i Førde denne sommaren hadde forestillinga ”Skal – skal ikkje” urpremière. Sentralt i produksjonen står folkemusikkgruppa Kvarts, som har skrive ny musikk til forestillinga. ”Skal – skal ikkje” er ikkje berre ei storsatsing innan nyare norsk folkemusikk. ”Skal – skal ikkje” er ei forestilling som bryt ny mark ved å ta i bruk dramaet og teatret på musikkscena.

Eit ungt par skal gifte seg. Vi følgjer dei frå dei møtest og til dei blir vigde. Eller til dei kanskje blir vigde. Ramma for handlinga i ”Skal – skal ikkje” er ei tilsynelatande tradisjonell mann-møter-kvinne-historie, der historia endar med at det lukkelege paret seier ”Ja”. Paret vi møter i denne produksjonen seier både ”ja” og ”ha”, men ikkje nødvendigvis til kvarandre.

Medverkande

Erlend Styve - gitarar

Jo Asgeir Lie - trekkspel

Øystein Rudi - fele

Tom Willy Rustad – kontrabass

Berit Opheim – song

Øyonn Groven Myhren – skodespelar, song

Hallvard Holmen - skodespelar

Birger Mistereggen – slagverk

Solveig Hårdnes – dans

Martin Myhr – dans

Eldgrim Springgard – tekst

Lars Stinnerbom - regi

Ingrid Stinnerbom – kostymer

Tor Magne Hallibakken – lyd

Sture Moslåtten – lys

 

Her er turnélista:
13.09 Borre, Høyskolen
14.09 Gålå, Borgen Høyfjellscene
15.09 Steinkjer, Dampsaga

17.09 Oslo, Lindemannsalen, Norges Musikkhøgskole

18.09 Voss, Kulturhuset Fraktgodsen
19.09 Sandnes, Kulturhuset
20.09 Vinje, Vinjehuset
21.09 Vågå, Vågå Kulturhus
22.09 Ål, Ål Kulturhus

God mottaking av dramatisk folkemusikk 

Den andre urpremieren med  folkemusikk, -dans og teater i samspel var eit populært innslag på folkemusikkfestivalen i Førde. "Skal - skal ikkje" fekk ståande applaus frå publikum laurdag kveld.

 

Mangt og mykje som spelar inn på det vanskelege valet, 
svigermor til dømes...

Morosamt og anneleis var kommentar etter urpremieren i Førdehuset laurdag kveld. Med blanding  av gamalt og nytt i tekst, musikk, dans og kostyme blir førestillinga spanande og overraskande. Språket og problemstillingane er moderne, eller kanskje tidlause? Ein kan kjenne seg att og le med, sjølv om det ligg eit alvor bak. Det er nemleg ekteskapet det handlar om i "Skal - skal ikkje". Det store steget, tvilen og uroa til eit par som skal giftast. 

Folkemusikkgruppa Kvarts har laga musikken til stykket og manus er skrive av forfattaren Eldgrim Springgard. Etter Førde blir det landsdekkande turne i regi av Rikskonsertane. 

 

Fornying og utvikling

- Prosjektet har blitt til i eit tett samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane, fortel dagleg leiar for festivalen, Hilde Bjørkum. – Vi tente på ideen om ei nyskapande forestilling med Kvarts som den musikalske kjernen, og er glade for at det no blir ein realitet.

Nokre stikkord om ideane bak ”Skal – skal ikkje” er nye og uprøva uttrykksformer innan folkemusikksjangeren, og kunstnarleg fornying og utvikling. Etter premieren i Førde ventar ei landsdekkjande turné i regi av Rikskonsertane, med start i Borre i Vestfold 13. september.

- For Rikskonsertane er målet med dette prosjektet todelt, seier Helge Skansen, konsertsjef i Rikskonsertane. - På den eine sida ønskjer vi å utforske kunstnarlege verkemiddel som kan styrkje formidlinga av profesjonelt utført folkemusikk i moderne konsertsalar. På den andre sida å lage ei folkemusikkforestilling som kan bidra til å byggje nye publikumsgrupper.

Perk, dans og drama

Folkemusikkgruppa Kvarts består av dei fire spelemennene Jo-Asgeir Lie, Øystein Rudi, Tom Willy Rustad og Erlend Styve. Gruppa vart skipa i 1998, og i 1999 fekk dei Spelemannsprisen for debutplata Kvarts. Hos Kvarts står kombinasjonen mellom tradisjonsmusikk og det nyskapande sentralt. Medlemmene i gruppa har ulik musikalsk bakgrunn, som spenner frå klassisk og samtidsmusikk, via bluegrass og blues til folkemusikk. Med Kvarts som kjerne i ein nyproduksjon med eit utradisjonelt uttrykk, slik vi ser det i ”Skal – skal ikkje”, er publikum garantert ei konsertoppleving utanom det vanlege. Kvarts bevegar seg mellom det eksperimentelle og det tradisjonelle, og byr såleis på musikkuttrykk som både forsterkar og kommenterer dramatikken i forestillinga.

Forutan Kvarts involverer ”Skal – skal ikkje” ei rekke andre kjende kunstnarar. Musikarane Berit Opheim og Øyonn Groven Myhren spelar rollene som høvesvis brudgomens mor og brura, medan skodespelar Hallvard Holmen spelar brudgomen. Dansarane og musikarane Solveig Hårdnes og Martin Myhr er maskeparet som både illustrerer og influerer det framtidige brureparet i deira søken etter den rette partneren så vel som den rette avgjerda. Birger Mistereggens perkusjon gir heile lydbildet ein spenst og eit ukonvensjonelt uttrykk. Han spelar også  rolla som ”seremonimeister”.

Å bruke vår eigen kultur

Manuset og dramaturgien til forestillinga er ved forfattaren Eldgrim H. Springgard. Han skildrar     prøvelsane eit ungt par opplever når handhevarane av tradisjon møter mennesker med eit meir moderne syn på livet – og på forholdet mellom mann og kvinne. Slik tek forestillinga tak i store og aktuelle spørsmål i ei form prega av humor, dramatikk og musikk.

Språket Springgard brukar speglar handlinga og settinga. Språket er med på å understreke at  tradisjonelle rammer som tid og stad er brotne. Dialogane blandar gamle ord og nye uttrykk, og tekstene vrir og vender på gammalt og nytt.  

- I forestillinga prøver vi å vise at folkemusikk er godt egna til å fortelje om det allmenngyldig, det som gjeld folk flest. Folkemusikksjangeren blir ofte sett på som rein tradisjonsmusikk for eit lite, avgrensa miljø. Folkemusikken kan også vere aktuell og bli nytta i ulike formidlingsformer, som til dømes i ei teaternær forestilling som ”Skal – skal ikkje”.

Springgard refererer til den svenske regissøren Leif Stinnerbom som har hatt regien på ”Skal – skal ikkje”. Stinnerbom er mellom anna drivkrafta bak Västanå teater i Värmland, der folkemusikk og tradisjonell dans er berebjelkar i oppsetningane som har fått internasjonal merksemd. Han var med i det kjente bandet ”Groupa”, men har sidan 1990-talet vore dedikert til koreografi og sceneinstruksjon. Nyleg hadde han regien på Ibsens Peer Gynt på Rogaland teater som fekk svært gode kritikkar.

- Leif Stinnerbom har i arbeidet med Västanå Teater lagt den svenske kulturen og musikken til grunn i utradisjonelle og gjerne eksperimentelle sceneproduksjonar. Og her er vi ved kjernen bak ”Skal – skal ikkje”: Det handlar om å bruke vår kultur til å formidle eit tidlaust, eller også eit moderne innhald, og om det å få andre miljø, andre musikarar og eit anna publikum interessert i folkemusikken og miljøet rundt den.

Før og no. Tidlaust og moderne

I Leif Stinnerboms regi har ”Skal – skal ikkje” fått nettopp dette preget av modernitet så vel som det tidlause. Verken scenerekvisittar, scenografi eller kostymer set handlinga inn i ei bestemt tid eller til ein bestemt stad. Inger Stinnerbom har stått for kostymene. Kostymene ber tradisjonen frå folkemusikken og miljøet rundt den, men er laga med små variasjonar som fortel oss at notida har sett sitt merke på omgivnadane.

Maskeparet vi møter i forestillinga, representert ved dansarane Solveig Hårdnes og Martin Myhr, fungerer som eit scenisk verkemiddel med tradisjon heilt tilbake til det gamle Hellas og teateret i antikken. Som eit gresk kor kjem dei fram og kommenterer handlinga, men med dans og ikkje med ord. ”Her er dansen eit eige scenisk verkemiddel,” seier Springgard, ”ikkje ei tradisjonell kappleiksoppvisning. Maskeparet formidlar noko mytisk – og mystisk.”

Skal – skal ikkje er ei forestilling der før og no blir blanda,” seier Leif Stinnerbom. ”Det er min inngang til folkemusikken, som ein musikk med røter og tradisjonar, men også som noko som heile tida vil vere i endring dersom tradisjonen skal vere i live. Folkemusikken har mye å seie i vår tid - og forhåpentlegvis også i framtida.”

Stinnerbom jobbar alltid med ei slags blanding av teater, musikk og dans, ofte med folkekultur som utgangspunkt. Skilnaden på produksjonane han vanlegvis jobbar med og ”Skal – skal ikkje” er først og fremst at dette er eit konsertteater med hovudfokus på konsertelementet, på musikken. Det er viktig at musikken står i framgrunnen, seier han, sjølv om det heile er sett inn i eit dramatisk konsept.

”Eg likar Eldgrim Springgards tekst og dramaturgi veldig godt,” fortset Leif Stinnerbom, ”der eit bryllaup blir skildra utan dei vanlege bygdeklisjeane. Det går an å problematisere kring desse tema også ut i frå eit folkekulturperspektiv. Sjå til dømes på bryllaupet i Peer Gynt. Der går det heller ikkje slik som ein ventar seg.”