NAUSTEDALEN SPELEMANNSLAG FYLLER 50 ÅR

Opnar feiringa med Gammaldansgalla i Naustdal 25. oktober

 

Naustedalen Spelemannslag som fyller 50 år kring komande årsskifte har lagt opp til feiring fordelt på fleire tilskipingar.

Feiringa vil starte med gammaldansgalla i Naustdalshallen den 25. oktober. Her har laget sikra seg Sven Nyhus orkester som hovudorkester.

8. november skipar laget til fest i Flora Samfunnshus med konsert og dans. Musikken under konserten blir stoff som er innsamla frå eldre

spelemenn i Flora kommune, og som er ein viktig del av Naustedalen Spelemannslag sitt repertoar.

I romjula blir det fest i Fosshalla i Naustdal med eit innbedt gjestespelemannslag i tillegg til laget sine eigne krefter.

Jubileumsfeiringa blir avslutta med jubileumsfest i Fosshalla 17. januar 2004, nøyaktig 50 år etter at spelemannslaget stod på scena der for

første gong i januar 1954.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sven Nyhus orkester
som blir hovudorkester under Gammaldansgallaen i Naustdal 25. oktober