Ref Bergens Tidende  3. febaruar 2003   http://www.bt.no/kultur/article133169

 

Eit toradareventyr
Kan hende ligg det i genane. Faktum er i alle fall at sytti born og unge på Osterøy spelar toradar. Nokon betre?

 

 
POPULÆRT: På Osterøy spelar mest «alle» ungdommar toradar. Her Ann-Kristin Kleppe (13) og Ingri Thomassen (12) (framme), og Silje A. Solberg (13) og Lovise-Mari Hopsdal (13) (bak) i intens øving i Lonevåg på Osterøy denne helga.
Foto: KNUT EGIL WANG

- Nivået er svært høgt. Det er vanskeleg å lære dei noko. Dei har kome langt, slår spelemann Inge Gjevre fast.
Gudbrandsdølen veit truleg kva han snakkar om. Han spelar sjølv i gruppa Jutullaget, har to gongar vorte senior-noregsmeister i toradar. Sist i fjor.
No sit Vågå-spelemannen her, i eit klasserom på Osterøy vidaregåande skule som gjesteinstruktør for dei mykje omtala Osterøy-musikantane for fyrste gong.
Heile 70 toradarspelande born og unge tél dette miljøet. Denne helga er 55 av dei samla på skulen for musikalsk kveik med instruktørar utanfrå.

 

Gjer det skarpt
Her er musikantar frå sju til tjue år, fordelt på fem grupper: Småradarane, som har vorte vestlandsmeistrar tre gongar, og Vetleradarane, Minibelgen, Tausaknappane og dei sist tilkomne, Belgspirena.
Samla har Osterøygjengen teke mykje gjevt metall i aldersbestemte klasser både som solistar, i duett og som grupper.
Det er dei rutinerte Småradarane Inge Gjevre øvar med. Om litt skal dei saman med resten av gruppene spele inn plate som skal vere klar til Blømingsfestivalen i Kinsarvik i mai, og det gjelds om å finpusse detaljar.
Dei ni i Småradarane starta med toradar på musikkskulen som seksåringar. No er dei frå tretten til nitten år, men det lett misvisande namnet held dei fast ved enno.
- Det er inspirerande med spelemenn utanfrå. Inge spelar i ein heilt annan stil enn oss, seier Ailin Kristine Solberg.

Musikkdialekt
Nittenåringen Ailin som vart junior-noregsmeister i 2001, er samd med gudbrandsdølen i at ein faktisk kan høyre kvar i landet musikaren kjem ifrå.
- Musikk er som dialekt. Ein høyrer det både i takt og melodi. Våre melodiar ligg tett opp til feletradisjonen, forklarar Inge Gjevre.
- Og vestlandsmusikken?
- Tja, den er meir ... toradarmusikk!
Her lyder lett og livleg toradarmusikk frå kvar ei krå på skulen; vals, reinlender, swing - og jamvel eit kvart russiskinspirert.
Gruppa Belgspirena har berre eksistert i to år, men lét som om dei har spelt lenger.
- Det kjekkaste er å spele for folk, fortel åtteåringen Henriette Hopsdal.
- Og å reise rundt å spele! meiner Sylvelin Skjerping; ho er elleve.

«Unikt miljø»
I klasserommet der Minibelgen (11-13 år) held til, er det swing det går i, under rutinert leiing av sogningen Arve Røneid. Han er imponert over Osterøy-gjengen.
- Dette er eit unikt miljø i landsmålestokk. Eit så stort miljø, med mange unge ...! Og flinke er dei óg.
- Det vaksne musikarar treng fem-seks timar på å lære, det lærer desse på fem-seks minutt. Dei konkurrerer óg med vaksne, og slår mange av dei, seier Røneid.
Ein annan av helgeinstruktørane er Arild Berge frå Tysnes. Noregsmeister to gongar, og med eit tosifra tal vestlandsmeisterskap bak seg.
- Eg har aldri treft så mange som har så bra gehør som her på Osterøy. Det må ligge i genane. Det har alltid vore gode spelemenn her i området, seier han.

Byrja med to
Mykje av æra for den eksplosive interessa for toradar mellom born og unge på Osterøy, tilhøyrer nok musikklærar Linda Skjerping.
- Eg byrja med toradar på musikkskulen for ti år sidan. Då hadde eg to elevar, fortel ho.
Med sytti aktive no er det liten tvil om at gruppene no tek mykje av Linda Skjerping si fritid.
Atle Solberg, far til ein av dei unge musikarane, framhevar Linda Skjerping si rolle for å få fram ei slik breidde på Osterøy.
- Det at ho byrja på musikkskulen var viktig. Óg metodane hennar har vore viktige, meiner Atle Solberg.

Spele ute viktig
Sjølv oppsummerer Linda Skjerping metodane sine slik:
- Ut og spele for folk! Og ut i konkurransar for å ha noko å jobbe imot, og få inspirasjon.
Dei poengterer at óg musikklærarane Baste Antun, Katrine Gjerde og Bjørn Ravnestad må nemnast når nokon skal ærast for toradar-eventyret her ute.
Atle Solberg er i alle fall overtydd om at alle toradargruppene er viktige for born og unge på Osterøy.
- Toradarspel er ein like god aktivitet som alt anna. Ikkje alle kan halde på med fotball, meiner han.
Ein kan visst ikkje halde på med toradar heile tida heller. Trettenåringen Andreas Litland opplyser gjerne om musikksmaken sin sånn generelt:
- Eminem!