|
|
Lagspel i kneståande
|
Fire lag frå Gudbrandsdalen spelte seg til
finalen i Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Otta i
går. Dei fleste gjorde det
kneståande.
|
|
AV KETIL SANDVIKEN |
|
|
|
Full konsentrasjon i
kneståande da landskappleikvinnar Lom spelte
kvalifisering under leiing av Bjørn Odde (t.v), på
motsett side Aslak Opsahl Brimi. |
| OTTA:Gudbrandsdølane dominerer framleis
lagspelet. Fire av fem finalelag er heimehøyrande i vårt
distrikt:Heidal, Lom, Sør-Fron og Vågå. Oppdal er
einaste utfordrar. Innsatsen er det så visst ingen
ting å seia på. Det gjer seg ikkje minst utslag i
framføringa. Ikkje reint få, spesielt dei musikalske
leiarane, går ned i kneståande for å få den rette
snerten i leiken. Om ikkje anna så krydrar det tilværet
for publikum, som har det meir enn heitt nok i
sommarvarmen i Ottahallen. Finalistane gjorde opp seg
i mellom seint i går kveld, endeleg resultat blir
tilkjennegjort under meisterkonserten søndag, men vi
tippar neppe feil om det står mellom Lom og Sør-Fron.
Sistnemnte var attende på podiet meir omfangsrikt enn
kanskje nokon gong før - og dei fleste, i alle fall
blant karane, i kneståande... Vidare
rekkefølgje:6)Østerdølenes spellmannslag i Oslo 7)delt
mellom Naustedalen og Dåm og Drag, Vikebukt 9)Indre
Sunnfjord 10)Søndre Trondhjems spelmannslag 11)Brekken
12)Vardekampen spelmannslag, Tretten 13)Harpefoss 14)Sel
spel- og dansarlag 15)Fjelljom, Blaksæter 16)Ringebu
17)Snaustrinda, Trondheim 18)Vindfylla, Kjølsdalen
19)Dalsfjorden, Flekke 20)Valldal 21)Gloppen
folkemusikktorg, Sandane 22)Dei Frilynde, Drøbak 23) BUL
Steinkjer.
I Open klasse er orkesteret Over Stok
og STeen, Hamar, Tre Begrædelige Piger, Vikebukt, og
Krøklun frå Sør-Fron utpeikt til medaljørar. Valøren
blir kunngjort søndag. 4)Celters, Skjåk 5)Fiin
Gammel Aargang, Garmo 6)Kristin, Sigrun, Sigurd, Garmo
7)Rim, Røros 8)Villstrå, Kvål 9) 4 store menn, Gaupne
10)Ingrid og Audun Rogne, Øystre Slidre 11)´N Ola å
jentun, Lillehammer 13)Ung og eldre, Otta 14)Falmet
Flørt, Sandnes 15)Østre Moholt, Trondheim
16)Kultursjokk,
Hogsvær.
| |
|
Tips andre om denne
saken | | |
|
Hele GD på nett Nå kan du få hele GD på
internett. Ved å trykke her
kan du få tilgang til hele dagens avis i PDF-format for samme
prisen du betaler når du kjøper avisa i løssalg, dvs. kr. 15.
Frem til 21. juli kjører vi gratis prøveordning. Mer
info
|
|