Haustsprell i Hornindal

 17.-19. oktober 2008

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Velkommen til Jubileumstreff

Da har vi fått med oss nok eit musikk- og dansetreff denne hausten. Denne gongen i regi av Raftevold Hotell og Hornindal Trekkspelklubb, som utruleg nok har vorte 35 år, og no nytta høvet til å markere med Jubileumstreff. Invitasjoner og nettinformasjon var sendt ut i god tid, så her var det berre å notere seg dagane og rydde plass til ei koseleg helg. Førehands-informasjon lova godt og av erfaring veit ein at dei har solid og årviss tradisjon med gode treff i Honndalen. Av dei tilreisande er det mange som sikrar seg overnatting på Hotellet allereie eit år i førevegen. Alternative overnattingstader og bobilplasser fins i nabolaget. Treffet startet på fredag, og på laurdag ettermiddag var det innlagt konsert der lokale og tilreisande aktører fekk vise sine ferdigheiter.

 

Rauma Trekkspelklubb

 

Gjesteartister og Jubileumskonsert

Langvegsfrå kom Kari Eriksen Langhaug som første gong gjesta klubben for 30 år sidan. Ingen kven som helst. Ho har topplasseringar på nasjonalt plan og har inne fleire Norgesmesterskap i ulike sjangrar. Triveleg dame som hadde fått tildelt romsleg tid og gjennomførte eit flott program. Fleire habile trekkspelarar ymta frampå om å gi seg, etter å høyrt melodien "Fredag den trettande"  av Arnstein Johansen, framført  elegant og feilfritt.

Når dette er sagt var der god plass til andre aktører som heller ikkje var borte. På rekke og rad møtte vi Hornindal Trekkspelklubb nokså fulltallig med sin leder Linda Gytri. To fine innslag der eg likte spesielt godt tangoen Sago-natten.

 

Gamle gode "Melle og Lødemel" - denne gongen som septett

 

Åmdalen Trekkspelklubb har vore med på treffa frå starten. Godt oppspelt med fint repertoar.

 

Lyrisk innslag

 

I innslaget til Per Hammerøs kvartett fekk ein stifte kjennskap med ei litt ny spanande musikalsk side av artisten. Lyriske innslag i samspel trekkspel og fiolin traktert av Elin Dyrkorn. Som konferansier Leif Nybø så treffande uttrykte det: "Du så vakkert". Eg synest det glimta ei tåre i augekroken. Elles kom det solide fine innslag frå Rauma Trekkspelklubb, der andre generasjon har nått opp i leiinga, så der held dei tradisjonane ved lag frå Ole Wenge sin glansperiode. Kristina Bjørdal Farstad hadde fine innslag og viser at ho held formen ved like. Ho virkar etterkvart svært sikker og rutinert med sine framføringar. Det same gjeld unge Inger Johanne Nupen Fylling, som denne gongen ikkje stillte med soloinnslag, men saman med Accordion Girls leia av Linda Nygård - opprinneleg frå Ullsteinvik. Elles fekk vi høyre Åmdalen Trekkspelklubb i storfom. Vi fikk også opptreden av Arne Johnson. Han skuffar sjeldan. Gruppa Melle og Lødemel har veteranstatus i miljøet, og dei gløymde heller ikkje i år visitten til Omsorgsenteret der dei held konsert. For eit fleirtal av pensjonærane er dette årets høgdepunkt. Alf Lødemel er opprinneleg Honndøl og har alltid hatt "Stjernestatus" i bygda. Han meistrar mykje av det eldre tradisjonsstoffet i bygda, og det vert sett pris på. Gruppa ”New Look” avrunda programmet med flott samspell.

 

Etter ein friøkt og aftens, var det på`an igjen med dans i to saler. I tillegg til dei vi møtte under konserten, fann vi mange opplagde og speleklare orkester. Utruleg mykje bra dansemusikk med gode aktører og grupper og heile Spelemanslag. Publikum favoritten var Eid Spelemanslag som etter perioder i "dødvann", har greitt å svinge seg opp til nye høgder siste åra med fengande musikk, også med sanginnslag med god publikum og danseapell. Bra gjort. Folk var flittige på golvet i begge salane. Nokre karar fann vi igjen i fleire grupper utover kvelden der vi nemner Vidar Aam bass, gitaristane Reidar Dahle frå Rauma, og Sigbjørn Brunstad frå Velledalen i Sykkylven. Batteristen Bjarne Nordsletten ("Ballan") var og komen i form igjen etter å ha fått nok ei ny hofte, og var stødig på plass bak trommene. No er han blitt usliteleg og det er bra for vi treng slike karar i miljøet. Alltid like blid og imøtekomande og stiller opp velvillig år etter år. I alt 15 grupper var påmelde og alle fekk spele si økt.          

 

Per Hammerø (trekkspel) med egenkomponert stoff godt assistert av Elin Dyrkorn på fiolin.

 

   

 

 

”Buskspelet”

 

Enkelte ser på dette som det viktigaste ved treffa og set gjerne med instrumenta i nærleiken og ventar på at nokon dreg igang.  Sidan det var heller haustleg og noko hustert utandørs, måtte ein berre gløyme "Buskene" og finne seg ein ledig krok innadørs. Nokon hadde funne fram den flotte valsen til Odd Loen: "Hornindalminner" og streva med å få den på plass. Valsen står igjen sammen med eit par andre melodier, som ein musikalsk bauta over den person  han ein gong var. No er Odd borte for godt.

 

 

 

  Veteranana Erling Kroken og Svein Nesje kan fortsatt sine ting. Her som medlemmer i Hornindal Spelemannslag. Lars Lunde på gitar.          

 

Vel møtt til ”omkamp”

 

For dei som synest det er lenge til neste haust, har eg ei gladmelding: Allereie på vårparten ved påsketider, møtest mange av gruppene til nytt treff, då i regi av toraderlaget i Honndalen - "Dalatrekkjen". Vårtreffet bruker å være like trivelege, og med det nivå som toraderane er komne  på etterkvart, er desse treffa svært populære og dansemusikken er topp. Vær glad folk ikkje stiller med lur og bukkehorn, for i Honndalen har folk sans for tradisjoner. Vi vart også lovt ein joik, men han kom ikkje til orde denne gongen. Den får vi ta neste gong. I alle fall vel møtt nok ein gong med eller uten instrument. Her er god plass til alle på trivelege Raftevold Hotell.