ROY ENGER

"trollmann på durspelknappene"

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

   

 

 

  Mitt første møte med Roy ligger en del år tilbake. Det var på Hotell Alexandra i Loen der han spelte i ei gruppe, "Holter og Nyland" som eg seinare fann igjen på ein kassett ”Festivaltreff nr. 8”. Gruppa spelte allsidig musikk, der det også var gammeldansinnslag med torader (Erik Holter) og gitarist i gruppa var Roy Enger.

  Ein del år seinare var kona og eg innom Belgiaden i Geiranger. I resepsjonen observerte eg Roy som bar på noko som måtte være toraderkasse. Og riktignok, denne gongen stod han på programmet med durspel innslag. Dette var spennande, og eg passa på å være på plass når innslaget starta.

  Min første tanke var; "Her er det juks-- "playback"? eller et eller anna som ikkje er tilgjengeleg for folk flest.  Han nytta vanlege standard trekkspell-"seletøy", og fekk dermed stabilisert spelet godt nok til å nytte alle fem fingrane på høgrehanda på diskanten og spelte "evergreens" so å seie uten begrensninger. Toraderbassen fekk også henge bra på, men av og til støtta det godt opp når Harald Rudi la til basskomp.  Korleis kunne dette være mulig? Spelet var ein standard Castagnari rett nok med register, mellom anna med bassoon og musettestemme. Flott spel med spennende klang, men standard durspel med halvtonar øverst som vanleg.

 

 

  Oppildna og inspirert reiste eg heim etter treffet og klødde i fingrane etter å prøve meg på det nær sagt "umulige". Men akk, så enkelt var det nok ikkje. "Lulleby of Birdland", huffa meg. Den vart for tøff. Kanskje Autumn Leaves i litt roleg tempo. Bom igjen. To år etter møttes vi igjen. Denne gangen hadde han med seg nyinnspelt CD med Harald Rudi og fleire musikkvenner. Heim igjen med ny inspirasjon. Fine saker, men erfaringen var vel eigentleg som sist. : "Skomaker bli med din lest." Bruk durspelet til durspelmusikk, eller eller i alle fall, musikk som er innafor rekkevidde. Kniper det og har eg lyst på denne type musikk, har eg trass alt trekkspelet i bakhand, og der fell det meste på plass.

  Det som imponerte meg var, at han var svært musikalsk og fiksa det meste. Teknisk suveren. I tillegg hadde han med eigne studier greidd å strekke toraderens grenser langt utover det som dei fleste ser som komplett umulig. Mange timar har nok gått med langsmed, men då kan han også noko som ingen andre kan på sitt instrument.

  CD-en som eg elles har hatt mykje glede av, er kalt "Nostallergi", og er å få kjøpt på Norilds og kan anbefalast for dei som likar å utforske grenser. CD-en innheld mykje koseleg hørbar musikk, der også det vanlege trekkspelet har fått sin plass med nokre fine melodiinnslag.  Alt bra så lenge ein slipp å spele durspelet sjølv.

    For dei som vil prøve seg på utfordringane ynskskjer eg lukke til, og skulle forsøket havarere, so kan eg trøste med at her er det fleire dugande utøvarar før deg som har "gått i baret."

 

                                      Med helsing Ragnar Tomasgård

                                      Volda Toraderlag