STOREFJELLTREFFEN

1.-4. mai 2008

Alle foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

<<Tilbake til forrige side

 

Tradisjonstreff til fjells

Storefjell Hotell ligg på fjellovergangen mellom Gol og Valdres. Heilt sidan gamle Andres Nibstad sine glansdager, har det vore tradisjon ein gong for året å samla musikk- og danseinteresserte. Her er alle med interesse for gammeldans, trekkspel, fele og torader velkomne.  Andres som nå er borte, var i sin tid aktiv med 5-rada trekkspel og utvikla sin eigen stil og spelemåte der han i tillegg komponerte eige melodistoff. No vert musikktradisjon ført vidare med sonen Lars Nibstad og fleire i  familien, som saman og fører hotell tradisjonen vidare. Også eit lovande barnebarn, (3. generasjon) Andreas Nibstad fann vi på spelelista med torader denne gongen, og han framførde mellom anne tradisjonsstoff etter "Bestefaren".

 

På kvelden er der svingom parallelt i opptil 3 salar, og dette garanterer for danseplass for dei som ynskjer det og at dei gruppene som ynskjer der får speleplass begge kveldane. Heile busslaster med folk frå Sør- og  Østlandsområdet dukka opp utover ettermiddag på fredagen. Nærområde som Valdres, Gol og Hemsedal var og sjølvsagt representert, men også folk frå Ottadalen og Sogn, Hardanger, Bergen og Møre hadde funne vegen.

 

Treff med innlagt konkurranse

 I år var der også innlagt  konkurranse. Denne starta like etter frokost på laurdag og deltagerlista var både lang og spanande. Kjendte rutinerte tidligere aktører sat i dommerpanelet. Her fann vi kjende navn Lillebror Vassåsen (hoveddommer), Helene Myklemyr Bolstad, Rikke Van Ommeren, Syver Olstad og Jan Erik Haugli. Kvar gruppe/person fekk framføre 2 melodier. Sceneskifte og lydtilpassning gikk greitt og profesjonelt. Et par rutinerte karer frå Ottadalen fiksa den saken. Lydnivået på konkurransen og dans var fint tilpassa. Publikum var nok mest av eldre garde med snittalder godt over 50.

 

Når det gjeld aktørene så var dei aller fleste rutinerte "profesjonelle" og der vi kjende igjen personer som vi har sett på tidlegere treff.  Der var også sett av plass til aktører i yngre årsklasser og rekrutter. Dette er svært viktig om ein tenkjer litt framover. Eg er sjølv ingen stor tilhenger av dømming av denne type prestasjoner. Nokon er meir rutinerte enn andre og har årelang rutine frå tidlegare tallrike opptredener. Andre er kanskje på scena for første gang, og synes kanskje det er lite stas med ein sisteplass, og vil lett kunne forsvinne ut av miljøet. Andre ser dette annaleis og meiner at bedømming vekkjer konkuranseinnstinkt, som igjen fører til øving og personleg forbedring. Nivået på 1.premiane, var det lite å utsette på, om ein først godtar dømming og premiering. 10.000 kr til første plass gruppe, fall i smak for vinnarlaget som avgjort fortjente det ut frå prestasjoner.

 

Tilbod om kurs og instrumentdoktor

For dei som følte seg usikre på instrumentet, var det tilbod om kurs med rutinerte instruktører. Willy Rustad og Øysten Nicolaisen hadde rikeleg med instrumenter til salgs, men hadde også greidd å legge inn kurstimer for interesserte.

Ein annan interessant person toradermaker Olav Bergflødt, var også mogleg å få i tale. Har reparerer spel, men lager også sine eigne  toradere og enradere frå grunnen av.

 

Tradisjonsmusikk og -instrument inn i musikkskulane

Gruppa frå Gol Kulturskule imponerte også med reint og fint levert spel.  Nokså klårt at dei musikkskulane som satser på lokal tradisjonsmusikk og tradisjonsinstrumenter, skaper flinke utøvarar, som nokså tidleg blir aspiranter til miljøet. Ofte får dei seg ein positiv hobby for resten av livet, medan det vanlege er å kutte ut musikken i 14-års alderen, bortsett frå nokre få som hamnar i "hardrock"-sjangeren.

 

Her var det elles nokså tydleg at Jostein Sørebøen har sett sine spor i miljøet. Mange nytta melodier av han til konkurranseframføring. Nokon hadde sjølvkomponert stoff, og det var ikkje dårleg det heller. Fantasifulle navn som "Jakta på Trusestrikken" skapte litt humor i forsamlinga. Likedan gruppa "Litt tysst" som vart spontant omdøypte til "Mykje Tysst(e)" av konferansier Terje Stensgård, som kjende karane frå før. Spele kunne dei i alle fall. Merka meg også ein sjelden god junior, Sjur Borge Gol som tolka  Måler Andersons vals med ei sjelden fin framføring. Der var alt på plass som det skulle være, feilfritt, virtuost. Ikkje dårleg for en ungdom på hans alder.

 

Orkesterlista var lang og god

På spelelista fredag og laurdagskvelden fann ein kjende og ukjende grupper og orkester på rekke og rad, som Borg Trekkspelklubb, Ingunn Bjørgo med Askerladden og Asker spel- og Danselag, Labakkalaget, Dalimellom, Mette og Jon Halvor, Ung med Belg, Sopeladdane, Tones Orkester, og mange, mange fleire. Noken grupper har svært høgt nivå, og det er rett og slett en nytelse å sitje ned og lytte. Mette Sønderskov og Jon Halvor Kvamme er eminente utøvarar på sine instrument, men har diverre spesialisert seg litt for mykje på virtuos konsert-trekkspelmusikk i høgt tempo, og har dermed mista danseappellen som dei hadde litt av i starten. Mitt råd er å finne litt tilbake til eit lite "danserepertoar"  i leveleg tempo, så er problemet løyst, og de vil igjen finne publikum på dansegolvet. Labakkalaget er nevnt tidlegare og dei ikkje berre held nivået, men dei klatrar om mogleg enda oppover. Skal vel ikkje endre so mykje på stilen her, ettersom dei galant toppar miljøet med sine prestasjoner.

 

Ingunn Bjørgo har eg svært stor respekt for, og må ta av meg hatten for det ho får til med eigne grupper og mykje eigenkomponert melodistoff. Fele på topp, 3 trekkspel og komp er den faste samansetjinga. Kunne til sine tider låte litt monotont, og dessverre var mykje av stoffet ukjent for meg, sjølv om eg skulle være oppdatert både med notehefte og CD, men du verden for profesjonalitet.

Tone`s orkester har eg av og til høyrt annonsert på NRK (ikkje værst å få lov å spele der). Med 2 toradere og 1 trekkspel og komp fiksa dei det meste. Triveleg musikk med bredt spekter og fine arrangementer. Tone var ei godt voksen dame, som virka svært rutinert med utruleg godt drag på toraderen og behagleg scene opptreden. Utøvande toraderfolk kjem no frå alle kanter av landet  i større mengder enn nokon gong før. Instrumentet har appell til det  breie lag i folket, og sjølvom enkelte framleis betraktar torader som ugras i "åkeren", har den fordelen av at "ugras" veks godt.

 

Kvar vert det av ungdomen på Dansegolvet?

Ungdommane var der kun som aktive instrumentaktører, men ungdom elles mellom 20 og 45 var i stor grad fråværande. Et hotelltreff av denne type kostar ein del, ca. 2000 kr for to overnattinger med halvpensjon. Dette er vel i overkant av det ungdommer ser seg høve til. Rimelegare boalternativ fann vi nede i dalen rundt Gol sentrum og i Hemsedalområde.

 

På instrumentsida ser det ut som rekrutteringa funger, men når det gjeld dansen, har ein ikkje greidd å fenge ungdommen nok til å møte opp på denne type tilstelningar. Unntak her er i Ottadalen der mange har fått musikken og  maurka-dansestega med "morsmjølka".

  

Oppsummering

Skal ein prøve tilslutt å oppsummere litt så er heilheitsinntrykket for innhold ein seksar. Når det gjeld gjennomføring, fann eg også lite som drog nedover, så det blir terningskast på same nivå. Det er ikkje nødvendigvis slik at desto større, dess bedre. Mykje skal klaffe når så mange aktører er i sving. Storefjell må være et Mekka for klubbar, og Spel- og Danselag. Her er rikeleg med plass nok for større grupper. Musikkinnslag var det å høyre nesten på annakvart rom, så det var tydeleg svært mange som hadde instrument med, utanom dei som vi fann på konkurransen eller på avtalt dansespeling.

 

Uansett er det over for denne gongen, og noken er så heldige at dei blir påkosta opphold neste år i tillegg til toppgevinst i konkurransen. Må berre seie nok ein gong: Vel fortjent!, og vonar på gjenhør om ikkje altfor lenge.

 

Med helsing og takk for denne gong.

 

Grethe og Ragnar Tomasgård

Volda Toraderlag