Full klaff for

"Etterjulsvingom" i Volda

 24. januar 2009

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Så var det gjort for denne gongen. Halkjelsvika Spelemanslag og Volda Toraderlag kan sjå tilbake på nok eit vellukka treff, svært sosialt og musikalsk sett heilt topp. Interessa frå publikum var i overkant av det hotellet kunne ta imot, så diverre var der ein del som ikkje fekk plass. Noken var villeg til å stå heile kvelden om dei  berre kom innafor.

 

Treffa starta eigenleg som Romjulsdans i 1978 og vidare utover. Staden var då Samfunnshuset i Volda der aktivitetane hadde lege ned nokre år, då danstilstelningane var eit regelrett underskotsføretak. Volda Toraderlag hadde musikanter og investerte i eige anlegg som greidde oppgåvene etter den standard som var vanleg den tida. Etterkvart vart det rett så folksomt både på scena og på golvet.

 

I år var svært mange ute allereie klokka 19.00 og hadde sikra seg bordplass og bestilt middag. Når dei attpåtil fekk behagleg litt nedempa taffelmusikk ved Ståle Høidal, følte nok dei fleste at livet var greitt.

 

   

 

   

 

Halkjelsvika Spelemanslag dro igang og leverte allsidig og bra dansemusikk

 

 

 

"Nordvesten" med musikalsk leiar Åsmund Egset med trekkspel til venstre

 

 

Etter ein kort velkomst og eit par passe krydra historier, stod Halkjelsivka Spelemanslag klar på scena. Dette laget overraskar stadig. Dei tek aldri del i konkurranser eller kappleikar, men stiller ofte på dansespeling. Dei har ved fleire høve fått svært positive tilbakemeldingar for godt melodistoff med fin danseapell i frisk innpakning. Mannskapet er rutinerte folk, fleire av dei med lang erfaring frå dansespeling gjennom yngre år. Gammeldans i fin innpakning, men også swinglåtar og smygande tangoer fint harmonisert og passe arrangert. Ein del av medlemmene dreg på åra, men spelegleda og ferdigheiter manglar ikkje. Laget har og teke vare på lokalt melodistoff, som regelmessig er å finne på repertoaret.

 

Neste gruppe var Sverre Fløtres. Rutinert kar som spelar fast i Åmdalen Trekkspelklubb. Stiller med eiga gruppe på dansespel og hadde denne gongen med seg som ofte før Bjarne Nordsletten på trommer og Karl Olav (Kalle) Johansen på bass. Fine rytmer i litt i Johnny Meyer stil, men også tradisjonell trekkspelgammeldans

 

Elles hadde vi rutinerte folk som ”Møregjengen” med Alf Vatne og Svein Dalane. Begge aktive i Åmdalen trekkspelklubb. Nordvesten under leiar Åsmund Egset, kombinerer trekkspel og torader, og har også med klarinett innslag. Resultatet blir behagleg publikumsvennleg dansemusikk.

 

   

 

 

Så var det Volda Toraderlag som har ein del år erfaring med samspel og dansespel. Repertoar som spenner over det meste av dansespekteret, og det gir god danseappell. Torader er instrument med trøkk, og når dei også meistrar teknikken og samspelet, blir det bra.

 

Til slutt av gjestelaga hadde vi Leif (Øye) og Halvard (Urke). Trivelege karar som meistrar trekkspel kvar for seg og også saman. Leif har og god stemme og framfører populære melodier mellom anna av Evert Taube. Calle Schewens vals var ein av dei han hadde godt drag på.

 

 

 

 

  Volda Toraderlag i fint driv. Musikalsk leiar Ragnar Tomasgård til venstre.          

 

Publikum var imidlertid nokså samstemt positive, og det var sterkt ynskje om eit par slike arrangement i løpet av året. Det vil det nok være plass for om noken puffar det igong. Hotellet har vore romsleg og greie å samarbeide med, men plassomsyn har gjort at en har måtte være noko forsiktig med markedsføring og invitasjoner, men dei som kom innafor, vart tekne godt vare på også denne gongen.

 

Grethe og Ragnar Tomasgård