Grotlitreffen

 oktober 2009

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

 

Vel møtt til ny Grotlitreff

Då er årets Grotlitreff avvikla i ny stil, og også denne måtte vi ha med oss frå start til slutt. For oss som har vore med i mange år har dette vore eit arrangement som ein har sett fram til og gledd seg til frå eit år til eit anna. Sentral i arrangementet har vore orkesteret Ramstadstråndingein med Ole Johnny Runningen i spissen. Vi var lovd endringar i opplegget denne gongen. Mellom anna var der påtinga topporkester som besørga dansemusikken, og her var det proffnivå og ingen skuffelser.

 

 

 

 

 

 

 

 

          Dagens utgåve av Ramstadsråndingein spelte som i sine beste år.  

 

   

 

 

Nye Ringnesin stod fram i litt ny drakt, og du store verden kor det svinga. To trauste feler med etternavn Odnes og Rui og ditto trekkspelarar som alle kunne sine ting. Her kunne ein berre lene seg tilbake og nyte eller nytte høvet til ein svingom. Den andre kombinert gruppa var Syvers Orkester som dukka opp som "outsidere" på Storefjelltreffet i mai og toppa galant resultatlista når denne var klar utpå kvelden. Gudbrandsdøler, også dei med god komp og ei solid "feletaus", Tonje Lien Barkenæs frå Nannestad, som eg har sett tidlegare saman med "Deltakarane", som havna i finalespel på Landsfestivalen for nokre år sidan. Syver Olstad på trekkspel er gamal rutinert ringrev som har inne mykje teknikk og massevis tradisjonsstoff. Han trives tydelegvis i lag med ungdommar som Stein Magne Eggen, og saman fyller dei fint ut kvarandre og dannar eit fin bakteppe for fela, som ikkje hadde nokon tekniske begrensningar det eg kunne høyre. Uvanleg fin tone og melodiføring.

 

  "Syvers Orkester" med Syver Olstad selv på trekkspill          

 

   

 

 

 

  Tonje Lien Barkenæs       Stein Magne Eggen  

 

Frå Hallingdal var "Toradertrioen" påtinga, og den kom, ikkje som trio, men som sekstett som dei brukar å gjere. Tre rutinerte toraderar, Fingarsen, Stave og Sørebøen, og ein ikkje mindre rutinert trekkspelar, Tore Løvgren. Det måtte berre bli bra, og dei skuffa ikkje. Taktfast og traust musikk vart levert frå dei entra scena nokså elegant og scenevant. Dei gamle melodiane frå tallrike LP’ar i si tid hadde med eit fått nytt liv. Og tru det eller ei, karane er ikkje blitt noko eldre heller. Melodiutvalget vart lett og elegant presentert av gruppa sin eldste Torleiv Stave.  Han har gode talegåver og ga fine relevante kommentarer til innslaga på konserten på laurdag ettermiddag og dansespelet på laurdagskvelden vart også elegant levert.

 

   

 

 

Gruppa Kvarts var med på fredagen. Dei har sin spesielle stil og sine spesielle arrangement. Kjempegode aktører og det var tydeleg vektlagt spennande arrangement, som vel er deira varemerke. Dansetakt hadde dei når dei slo til. Førespela litt finurlege av og til, kanskje med preg av konsert innslag, men dansarane fann takta etterkvart og kom igang.

 

Lørdag konsert og dans

 

Ramstadstråndingein og alle topplaga fekk ein her høyre igjen, med unntak av Kvarts. Dei hadde ikkje høve å være med på konserten, men Øystein Rudi Ovrum tok den biten åleine, og det gjorde han bra. Han eksponerte seg også som ein god humorist med scenetekke, og dette slo an både under konserten og dansespelet. Konserten på ca 90 minutter var uten dødpunkt.   

 

  Gruppa Kvarts tok sin tørn på fredagskvelden. Rutinerte karar med finesser i arrangementa.          

 

   

 

 

Kva var det så ein samna i mosetning til tidlegare år? Amatørgruppene var borte.  Av dei trufaste amatørgruppene som har fargelagt treffet i alle år, fann vi faktisk igjen berre B-Gjengen frå Sogn og Geilo.  Dei hadde på førehand bestemt seg for å støtte omlegginga både med sitt tilvære og ei speløkt utan forsterkning og med redusert komp. Dei fiksa bra ansvaret med å holde litt liv på dansegolvet i Peisestova. Eit par ungdommer med trekkspel hadde og nokre innslag, og vart etter litt støtta opp med "proffar" frå Syvers Orkester, og fekk oppleve å bli innlemma mellom dei. Bra saker.

Amatørguppene frå Vestlandet og nedover dalen var borte, og vi fann dei heller ikkje i særleg grad mellom publikum. Musikken frå scena var kjempebra, men det var også en del av publikum som sakna den meir folkelege delen av dansemusikken, som tidlegare var servert av amatørane.

Hotellet inklusiv den nye Peisestova er ein fin arena for eit slike arrangement, som vi vonar kan halde fram i ei eller anna form.

 

  B-Gjengen frå Sogn og Geilo  i Peisestova der dei vart nokså einsame på scena.