Vintertreff i Volda

 23. januar 2010

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

I Volda har vi to driftige grupper som har tradisjon for å skipe til trivelege samankomster for danseglade, der vi også inviterer Gjestegrupper til stevne. Dette førte til at vi ved siste samling laurdag den 23/01-10 hadde ikkje mindre enn 7 grupper påmelde og aktive, alle i godt slag og spelsugne.

 

         

  Volda Toraderlag er fortsatt tallrike og leverer flott når de stiller opp.       Gruppa Nordvesten - vellukka kombinasjon av torader og trekkspel med komp.  

 

Tradisjoner med vintersamkomer går heilt tilbake til 1978, då det meste lå nede av uteaktiviteter. Arrangementet starta som Romjulsdans på Samfunnshuset i Volda, men vart seinare flytta til Turisthotellet. Halkjelsvika Spelemanslag som var i bra speleform, syntes Romjula var litt stusseleg utan ei einaste dansesamkome. Vi hadde eit passe anlegg der fekk vi skikkeleg godlåt frå scena. Lydnivå har vi i alle år halde på eit behagleg nivå.

 

   

 

   

  Møregjengen - flott trekkspeltrio med komp. Leiar Alf Vatne, Volda       Svein Dalane, Ørste viste eminent teknikk. I bakgrunnen Kalle Johansson, Ørste (bass/gitar) og stødig batterist Bjarne "Ballan" Nordsletten, Hornindal  

 

Vi visste også at vi hadde ein nokså stor kontingent med "førtidspensjonerte" dansemusikere, og inviterte disse til å slenge seg med anten på felles innslag, eller som eigne grupper. Ideen funka, og nedstøva instrument vart henta ned frå mørkeloftet og etter ei avstøving, var dei igang igjen.

 

Denne kvelden hadde vi invitert litt rundt ikring og resultat var over forventa. Vi måtte utvide seansen med ein time for at alle skulle få sin tid på scena. Dei som mangla eit eller anna instrument fekk hjelp av spelsugne kompiser og dermed vart det full besetning for alle gruppene.

 

         

  Leif (Øie) og Halvard (Urke) leverte flotte duoinnslag - også med sang til.       Halskjelsvika Spelemannslag med 30 års fartstid.  

 

         

  Alf Vatne - leiar for Møregjengen       Johan Moldskred frå Ulsteinvikområde var der for første gang og stortrivdes i samspill med Møregjengen.  

 

Halskjelsvika Spelemanslag som avjort er seniorlaget i miljøet, har utruleg nok halde koken i over 30 år, og spelar faktisk berre bedre og bedre, meinar publikum i alle fall. Fullt golv frå første til siste melodi. Så spelar dei god og frisk gammeldans, men også ei fin samling tangos og swinglåter fins på repertoaret. Rull og pols "you name it", ingen problem.

 

Kvelden starta med velsmakande varmrett med behagleg taffelmusikk med Lars Håvik og sin Zero Zette. Innpå kom og Bjarne Nordsletten, med behagleg batteribakvegg og om litt Odd Arne Risvik (kontrabass) frå Sykkylven, som hadde teke turen for å sondere musikkmiljøet. Under danseøkta litt seinare på kvelden var og Atle Melle gitar på plass, der det vart servert evergreens og allsidig dansemusikk av god klasse av Lars Håvik Kvintett.

 

Arrangørlaga tok sjølvsagt sin del, og Halkjelsvika overaskar stadig med eit velspelande dansemusikklag. Nokon av veterane som var med og starta laget for vel 30 år sidan, er framleis aktive.

 

Sverre Fløtre (trekkspel) var ein av dei som vart reaktivisert på 70 tallet og spelar no fast i Åmdalen Trekkspelklubb,som er ein av grunnpilarane i Trekkspelmiljøet i område.

 

Leif (Øie)trekkspel og sang og Halvard (Urke) trekkspel er veteraner frå Hjørundfjorden og tek gjerne turen til Volda for å bidra med sitt melodiutvalg. Gode trekkspelduetter og gjerne nokon med sang til, og det slår an.

 

 Møregjengen med leiar Alf Vatne har vi lytta til før, men spelte denne gongen svært bra med fulltonande arragement krydra med virtuose innslag som sette spiss på framføringa.

 

Så hadde vi Nordvesten frå Barstadvik og omegn, som og serverte triveleg dansemusikk også med 60 tals slagere, som slo godt an mellom publikum. Stødig gruppe med fin publikumapell.

 

Siste runde fikk Volda Toraderlag som har det meste på repertoaret. Etter mange aktive år har dei eit allsidig repertoar med variert toradermusikk. Dei har og tileigna seg både toradersving og tangos i rikt utvalg, og det er ting som publikum liker.

 

Dansen gjekk nesten utan opphald frå 20.00 og til 0100 og det blir mange timar, men publikum heldt ut. Ørsta-Volda er blitt kulturstad og har mange oppegåande scener, med rikelig tilbod av alle slag. No er også Ullsteinvik og omegn blitt fastland gjennom tunnelsamband, men likevel greidde vi å samle nokså nær fullt hus, takka være vårt trufaste publikum. Det mangla ikkje på lovord i etterkant, då vi avrunda med ei lita Buskspeløkt som siste runde, der det var fritt for alle å henge på nokre melodier.

 

Trur alle gjekk velnøgde heim og det var både klem og takksigelse for tiltaket då dei siste gjestene runda av, og tok  beina fatt heimatt på eit litt farleg glatt føre. Det rundkastet dei ikkje slo til med på dansegolvet, fekk dei kanskje på heimvegen.

 

 

RagnarT.