|
|
Lot seg ikkje stoppe av
uveret
|
Øvind Sandum lot seg ikkje vippe av pinnen av
lyn og tore og spelte seg rett til
finale.
|
|
AV ELIAS SPERSTAD |
|
|
OTTA: Med toraderen under armen
entra Øvind Sandum scena da det lyna og tora på sitt
verste. Under andre leiken var han nær ved å stoppe opp
da både ljos- og lydanlegg fekk seg ein aldri så liten
knekk. Men lalmingen stod røkken og leiken ut med
glans.
Det kollosale regnskyllet akkompagnert av
lyn og tore small i takt med tonane frå toraderen. I
løpet av eit kvarters tid kom det rundt 20 millimeter
regn. I kombinasjon med nokre sterke vindkast sette
uveret arrangørane sjakk matt ein times tid. Med tanke
på forsterkaranlegga og anna elektrisk utstyr var
kvaifiseringa i klassa durspel/torader senior avbrote
ein times tid. Den ellers så sindige spelemannen
Øvind Sandum sa sjølv etter sin framføring at han miste
konsentrasjonen. Men det var det nok berre han sjølv som
merka noko til. For guten spelte som ein engel, ja, det
skal ikkje forundre om han stikk av med ein gullmedalje
att.
Og det var han og Tom Berg, opprinneleg frå
Otta, samt junioren Geir Marius Thorud, frå Sel vi måtte
setja vår lit til i går. For dei andre frå vårt distrikt
vart vippa av pinnen. Vi må vente til sundag før vi veit
korleis det gjekk med dei tre etter finalespelet i går
kveld. Konkurransen under årets Landsfestival i
gammaldansmusikk starta med solo durspel/torader junior
der Ragnhild Bjertnes frå Vågå ende opp med ein 6.
plass, Geir Marius Thorud, Sel på 7. plass og Ida
Furusæter frå Fåvang på 10. plass, Fire spelemenn gjekk
i denne klassa til finalespel. I solo durspel/torader
senior gjekk fire til finale. Her kom Hanne Kari Bakke
frå Vågå på 6. plass.
Over til solo andre
instrument junior, så kom Geir Marius Thorud vidare til
finalespel. I denne klassa gjekk tre vidare, og dermed
måtte Ola Kjorstad frå Sør-Fron pakke saman fela for
dagen. I solo andre instrument senior var det ingen
døl blant dei fire finalistane, overraskande nok
ut frå tidlegare resultat. Terje Rusten, Heidal ende på
6. plass, sambygding Torill Aasegg 7. plass, nok ein
sambygding Roger Slåstuen 9. plass, Helge Hysjulien,
Svatsum på 10. plass og Tom Erik Kleiven, Heidal 12.
plass. Gårdagen sett under eitt bar konkurransene
preg av ujamt nivå. Det som overraska mest i så måte var
seriorklassa solo durspel/torader. Her har nok
gjennomsnittsnivået vore eit godt hakk høgare ved
tidlegare landsfestivalar. For mange er dagen i dag
den store dagen. Da er det lagspel med 23 påmeldte
spelemannslag. Det er også store forventningar til open
klasse. Der kan det fort koma ei eller fleire
overraskingar.
| |
|
Tips andre om denne
saken | | |
|
Hele GD på nett Nå kan du få hele GD på
internett. Ved å trykke her
kan du få tilgang til hele dagens avis i PDF-format for samme
prisen du betaler når du kjøper avisa i løssalg, dvs. kr. 15.
Frem til 21. juli kjører vi gratis prøveordning. Mer
info
|
|