|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Rune
Sjurgard tok med toradaren og sytte for høveleg
fjellmusikk på Vallahornet. Her saman med borna
Hilde (12), Martin (10) og hunden Celica
(3). |
| Nesten 400 til topps på
Vallahornet 378
skreiv seg inn i Sunnmørsposten sin Til Topps protokoll
på Vallahornet . Mange av dei kom frå eller var på veg
til Saudehornet.
Skrevet av: Svein Aam
(søndag, 10. august 2003 23:48)
- Eg skulle berre på Vallahornet, men
så ser eg stråda med folk og klarte ikkje å halde imot,
seier Einar Øyehaug . Han bur under Saudehornet og
Vallahornet, og kunne ikkje hugse å ha sett så mykje
folk her oppe nokon gong.
- Heilt fantastisk.
Viss ikkje dette var ein suksess så veit ikkje eg, seier
Øyehaug.
Han var nok ikkje åleine om å late seg
freiste til å gå lenger enn planlagt. Mange av dei som
deltok på Sunnmørsposten sin Til topps-tur var også på
Saudehornet. Og omvendt: Mange av dei som hadde
Saudehornmedaljen på brystet nytta og høvet til å svippe
innom Til topps-arrangementet på Vallahornet. Ein av
dei som skreiv seg inn i Til topps boka på Vallahornet
og fekk solskjerm frå Sunnmørsposten var dagens store
samtaleemne, nemleg vinnaren av konkurransen Saudehornet
rett opp, Ola Hovdenak. Fjellfolk i alle aldrar var
imponert over «galningen» som sprang først oppover mot
høgste toppen.
På Vallahornet gjorde ein sverm
med aggressive flyge-maur hevd på utsiktspunktet ved
varden. Til topps- deltakarane vart dermed fordrive litt
lenger bakover. Her viste Rune Sjurgard at han har andre
talent enn å gi råd til politikarane i Herøy. Herøy-
rådmannen, som bur i Ørsta, hadde tatt med toradaren, og
sytte for høveleg fjellmusikk. Det var ein jamn
straum av folk opp og ned fjella bak Ørsta sentrum.
Ikkje overraskande var det flest ørstingar å sjå på
toppen av Vallahornet, mange av dei barnefamiliar. Men
også mange faste Til topps-deltakarar frå heile Sunnmøre
og vel så det deltok.
Fleire fekk erfare at
ørstingane sitt "byfjell" er ei tung nok utfordring, i
alle høve i temperatur på rundt 25 grader. Godt då å
kunne kjøle seg ned i ein av dei små badedammane under
toppen, eller i Vikeelva, slik mange gjorde på nedturen.
Dette var siste Til topps- arrangementet til
Sunnmørsposten i år. Det tradisjonsrike arrangementet
har hatt pause nokre år, men come-backet har vore ein
suksess, både når det gjeld oppslutnad og vertilhøve.
Takk for følget! Vinnaren av gåvekortet på 1.000
kroner er Hilde Kolås.
|
<<<
tilbake
|
|
| |
| |
|
|
|
|
|
|