Arrangøren gjekk til topps
Kvinnherad Trekkspelklubb var i helga tilskipar av
distriktsmeisterskapen i trekkspel. Totalt sju lag deltok i dei
forskjellige klassane, og arrangørklubben Kvinnherad Trekkspelklubb
gjekk til topps i sin klasse.
08.03.2004
Oppslutnaden om distriksmeisterskapen var ikkje
speiselt stor i år, og alle trekkspellaga som stilte opp
kvalifiserte seg for NM seinare i år. Distriktsmeisterskapen gjekk
av stabelen i Rosendal Samfunnshus laurdag, men deltakarane var
samla i tre dagar. Arrangørlaget deltok i klassen underhaldning, og
konkurrerte mot Bergen Trekkspillklubb og Hardanger Trekkspillklubb.
Dei tre laga framførte kvar sine to nummer. Kvinnherad
Trekkspelklubb spelte Hardangermarsjen, av Haldor Mæland.
Arrangementet stod lagets eigen Nils Naasen for. Dei avslutta med
eit potpurri Evert Taube, også den arrangert av Naasen. Vidare vart
det konkurrert i klassane kammermusikk, gammeldans og solist. Ingen
av desse klassane hadde deltakarar frå Kvinnherad. Sveinung Grønstøl
var konferansier for dagen. Les meir i
papirutgåva.
Tomas
Bruvik tomas@kvinnheringen.no
|
|
|
|
|
|
|
Tips ein ven om denne
artikkelen:
|
|
| |
|
Annonse:
|
|
| |