«For lønnsdebattens skyld hadde det vært mer
spennende om Bergesen hadde tatt for seg eksempler fra tariffavtaler
han selv hefter for. Det er selvsagt ikke uten grunn av at
NHO-sjefen snakker om andre framfor sine egne.» Hele saken
Han fekk seg ei gledeleg
overrasking, trekkspelaren Ola Sandum, da han midt
under konserten fekk Grotlitreffprisen
2004.
AV ELIAS
SPERSTAD
GROTLI: Ingen hadde på
førehand nemt eit kvekk om kven som skulle få
Grotlitreffprisen 2004. Da Ola Sandum (62) og hans
orkester skulle dra i gang med sitt andre nummer
under konserten laurdag, lista konferansiér Finn
Sandum opp sin brors merittliste gjennom omlag 50
år som musikar. Han vart mållaus og måtte felle
ein liten tåre, Ola Sandum, da det gjekk opp for
han at det var nettopp han som skulle få
heidersprisen. Juryen gjorde eit spesielt godt
val denne gongen. Ola Sandum har gjort - og gjer
framleis - eit godt arbeid for gammaldansen. Han
har smitta sin interesse for musikk over på nesten
heile slekta. Og det er det som i dag gler han
mest, at så mange i familien er med å vidareføre
tradisjonsmusikken. - Det veg meir enn pokalar
og slikt. Missforstå ikkje, eg er stolt og glad
for å ha fått Grotlitreffprisen og andre prisar.
Eg er glad for å vera ein del av
gammaldansmiljøet. Det set eg høgt, seier
Sandum. Han har alltid vore interessert i
musikk. Han fekk tidleg sitt fyrste munnspel. Men
den store drømmen var eige trekkspel. Og det at
drømmen vart oppfylt, har sin heilt spesielle
historie, fortel Ola Sandum: - Hadde ikkje
bestemor og bestefar krangla denne eine gongen, er
det slett ikkje sikkert at eg hadde vore
trekkspelar i dag. For at eg ikkje skulle fortelje
andre om krangelen eg var vitne til, skulle eg få
noko høy som låg att, som eg så skulle få selje.
Eg selde høy for 300 kroner. Trekkspelet kosta 600
kroner, så eg måtte ta 300 kroner på avdrag.
Mor og far betalte det fyrste avdraget. Men resten
ordna eg sjølv på inntekter frå speling. - Har
du like stor interesse og glede av
gammaldansmusikken i dag som i yngre år? - Det
er like løyle i dag. Musikken gjev meg enormt
mykje, seier Ola Sandum, som opp gjennom åra har
spelt fleire instrument. Munnspel og trekkspel er
nemnt. I tillegg er han ikkje framand for å ta ein
trudelutt på både gitar fele, tuba og
saxofon. Den 13. Grotlitreffen var spent over
same lest som dei førre, med dans to kveldar og
konsert midt på dagen laurdag. Det var full stim
frå fyrste tone til det siste trekkspelet stilna
sundagsmorgon. Mange godt etablerte orkester stod
på scena, men det dukka også opp nye ansikt. I den
samanhengen kan Eggens famileorkester frå Skjåk
trekkjast fram som eit triveleg innslag.
Treffgeneral Ole Jonny Runningen har all grunn til
å vera
tilfreds.
Tips andre om denne
saken
GD på nett Du kan få hele GD på
internett. Ved å trykke her
kan du få tilgang til dagens avis i PDF-format. En
enkelt avis koster kr. 15,-. Abonnenter på papiravisa
kan få nettavisen for et tillegg på kr. 100 pr. halvår.
Avisa kan også kjøpes for kr. 990 for et halvår og kr.
510 for et kvartal.