"Belgiade" nr. 28 i Geiranger

 5.-7. september 2008

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Så er vi tilbake til Volda etter nok ein triveleg ”Belgiade”. Denne gongen klaffa det maksimalt med verforhold så den særmerkte og ruvande naturen fekk skikkeleg vise seg fram. Fergeturen frå Hellesylt var en opplevelse sjølv om dei sju søstrene var krympa til eit minimum, men sløret frå bekkane var i haustsola endra til regnbogar som skapte eit stemningsfullt fargespel ein sjeldan ser maken til. Treffet går over to dager, der fredagen vel er oppvarmingsdag for gjester og musikanter. Mange kjem først laurdagen, og det gjorde vi også denne gangen.

 

   

 

   

  Odd Arne Halaas (sang) med Ørskog og Omegn trekkspillklubb       Rolf Nylend og Håvard Svendsrud i samspill  

 

Mange inntrykk

Frå tidlegare år veit ein at å få med seg alt på eit todagers treff ikkje er heilt enkelt. Nokon greier det, og attpåtil få med seg buskspelsekvensen i salongen som går på overtid og langt utpå morgenbelet. Hovedkonserten er lagt til laurdag ettermiddag, og den fekk vi med oss. Her fann vi klubborkesteret frå Ørskog. Dei er tallrike etterkvart og inkluderande der lærar, erfarne karer stiller jamsides med elever. Det er kanskje ikkje heilt rett å framheve nokon foran dei andre, men ei jente merker seg ut, Inger Johanne Fylling Nupen, som siste par åra klart har heva sitt nivå til toppresultater. Fleire er undervegs, og støtteapparatet fungerer heilt topp med gode instruktører, interesserte støttande foreldre. Det må til om alt skal fungera optimalt.

 

Hollup (a la van Damme) frå Trøndelag

Arnold Hollup har vi helst på ved eit par høve tidlegare. Han spelar traust og god gammeldans, men har i tillegg utvida horisonten med Art van Damme inspirerte "evergreens". Dette var på høgt nivå med elegant framføring godt støtta opp av gitarist Sigbjørn Brunstad og Odd Arne Risvik på bass og på trommer Affen Eide. Elles fans det durspelinnslag med Vegard Hansen, som ikkje lenger er nokon smågut. Musikalsk fins han i toppen av nasjonaleliten på torader.

 

   

 

   

  Sentrale lydfolk og musikere - Knut Ivar Bøe (midten) og Jan Fyrun (t.h.)       Lars Håvik med komp. Sigbjørn Brunstad (gitar), Affen Eide (trommer), Odd Arne Risvik (kontrabass)  

 

Steinar Støen med Nostalgiorkester

Steinar som tidlegare var busett på Sunnmøre og hadde teke turen til Belgiaden, og med seg hadde han sitt eige orkester som framførde tre innslag med høg kvalitet.

 

Odd Arne Halaas

Han må berre opplevast. På treffet denne gongen fekk han utfalde seg som ein utmerka trekkspelar og akkompagnatør. Han fekk også vise kva han duger til som sanger. Flott utvikling der han under Evert Taube konserten laurdagskvelden, var ein av dei berande kreftene. Med innlevelse og stemmeprakt tolka han Taube melodier åleine og saman med Elin Dyrkorn, framifrå fint godt assistert av klubborkesteret

 

Gamle og nye ”kjendiser”

Rolf Nylend som med sine 75 år var ein av dei mest uthaldande på Buskspelet om natta, og han hadde også innslag frå scena saman med Håvard Svendsrud.

 

Mette Sønderskovs orkester med godt mannskap gav ungdommane litt å strekke seg etter. Flott representant for trekkspelmiljøet, og aliansen Danmark & Norge ser ut til å funke svært bra. Med godt gentilfang på begge sider, kan det bli spanande å sjå kva neste generasjon byr på.

 

Konserten som brukar å bli i lengste laget, var i år krympa til overkomeleg nivå utan pause, og dermed vart det tid for dei som ynskte det å prøve det nye badeanlegget som fall i smak for både yngre og eldre.

 

Evaluering

Godt redigert treff, der alt var på plass som det skulle. Eminente utøvarar på trekkspel på høgt nivå, men også plass for amatører og ikkje minst dei unge, som treng denne typen utfordringar og inspirasjon. Treffet har eit nokså stabilt publikum, men har merka at "menigheita" krymper noko år for år. Fleire av våre "gamle kjende" frå tidlegare år, glimra med sitt fråvær, og det minner oss om at tida går. Kva ein kan gjere med det, er ikkje noko enkelt spørsmål. Er vi dei siste "entusiaster", eller kan vi håpe på ei ny "bylgje" med danse- og speleglade etter oss??

  

Vi takkar for oss nok ein gong, og kanskje greier vi å holde "koken" enno nokre år,

 

Grethe og Ragnar Tomasgård, Volda

 

                   

 

   

 

   

  Odd Arne Halaas (t.h.) imponerte stadig med sin sangstemme og flotte tolkninger av Evert Taube-melodier.       Vebjørn Hansen med soloinnslag på torader. Han trakterer forøvrig utmerket også femrader.  

 

   

 

   

  Innslag med musikk av Per Bolstad. Rolf Nylend, Håvard Svendsrud (trekkspill) forsterket av Elin Dyrkorn på fele.       Arnold Hollup leverte flotte innslag a la Art Van Damme.