Grotlitreffen

 3.-5. oktober 2008

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Hausttur til fjells

 

Så vart det ein siste runde til høgfjellet denne hausten og. På kalenderen har det lenge stått ring rundt datoane 3.-5. oktober, og denne helga er det ikkje snakk om alternative aktiviteter. Grotlitreffen har første prioritet. Volda Toraderlag, som kona Grethe og eg er med i, har vore fast på desse treffa i 15 år på rad og på ein måte nesten vorte fast inventar første helga i oktober. Ikkje minst har vi vorte godt mottekne av vertskapet på hotellet, ektepareret Berit og Are Bergheim, for ikkje å snakke om unge Espen Opsahl (resepsjonssjef), som nok fekk eit par grå hår i luggen når han mot innspurten strevde med å få romkabalen til å gå opp. Alle tek imot oss med hjarteleg velkomst, oppvarma stover med varme på peisen, og rikhaldige matbord der ingenting vantar. 

 

   

 

   

 

Reitans gruppe med toradar og komp av "Holekarane".

Kjell Tafjord, trekkspel

 

 

 

Gruppa "Sprell". Vinnare av gruppespel på Landsfestivalen Skjåk 2008.

 

 

Leiar for treffet Ole Johnny Runningen (tilknytta Ramstads-tråndingein) og kona hadde ordna det meste på førehand der spelelistene lå fint presentert på nettsidene til treffen. Under treffet er ekteparet på plass og har ei hand med i det meste. På eit av treffa tok han mot til seg og fridde for open scene. Litt uventa for den trivelege samboaren, som nytta høvet til å slå til.

 

Dansen på fredag gjekk føre seg i den nye "Storstova" med tilgrensande salongar og bar. I  bakre salonger var det og plass til oppvarming og litt buskspel. På dansescena fann vi foruten arrangør- laget Ramstadstråndingein, Volda Toraderlag, Nordvesten, Stegegjerdes Orkester og B-gjengen, samt Rita og Ståle med gode sangstemmer og musikk på boks.

 

   

 

   

  Gruppa "Jakup". Det beste frå øst og vest forenes i samspel mellom desse veteranane. Arne Sølvberg, fele. Kjell Plassen, trekkspel.       Lund og Stegegjerde serverte lokalt stoff frå Sogn. Begge spelar i B-gjengen.  

 

På ettermiddagen laurdag var det duka for konsert/underhaldning med i alt 15 innslag. Tre av dei var verbale med revyartist Håkon Sveen som overgjekk seg sjølv med framstilling av ikkje mindre enn tre orginaler med særpreg. Grotlitreffprisen gjekk til Skjåk Spel- og Dansarlag for storarbeide dei tok på seg med Landsfestivalen 2008.

 

Grupper og aktører kunne avgjort sine saker og avleverte sine innslag på ein ypparleg måte. Skulle ein nemne nokon spesielt måtte det være unggutane Ola Byrøygard og Mats Erik Odde, begge med gode spelemansetternamn. For sin unge alder verka dei teknisk gode rutinerte på instrumenta (trekkspel) og hadde dessuten den rette dåmen i melodiene dei framførde. Gamle ringrevar som gruppa Jakup (Kjell Plassen og Arne Sølvberg) leverte som alltid fine ting. Sølvberg hadde elles teke med seg heile gruppa Fjelllom frå Nordfjord, og dei fekk vi høyre på dansespelet seinare på kvelden. Han gjer saman med kona eit storarbeid med rekruttering innafor tradisjonsmusikk og dans. Stegegjerde-namnet har god klang i gammeldansmiljøet og dei to karane med etternavn Stegegjerde, som spelte lokalt stoff i tradisjon etter Oddvar Stegegjerde, kunne sine ting og meistra stoffet fint.                   

 

   

 

   

  B-gjengen frå Sogn med mykje "Jularbostoff". Leiar denne gongen Einar Grieg frå Geilo i midten foran.       Gruppa "Ramstadstråndingein" stod sentralt i arrangementet under leiar Ole Johnny Runningen.  

 

   

 

   

  "Nordvesten" frå Barstadvik/Volda. Leiar Åsmund Egset.       Volda Toradarlag har vore på dei fleste treffa og trivest svært bra på Grotli.  

 

   

 

 

Så var dansen i gang igjen, men før den tok til, fekk vi ei koseleg økt med gruppa Sprell i salongen. Akustisk framføring og du som  dei kunne spele. Førsteplassen  på Landsfestivalen 2008 var nok fortjent.

To trekkspel og med fiolin på topp, samt bass + gitar - alle dyktige på sine instrument. Kanskje ikkje rett å framheve nokon spesielt, men karen med fiolinen hadde i alle fall det som skulle til for å ligge åleine på topp med melodilinja.

 

Dansen starta frå to scener og gjekk slag i slag til langt på natt der dei fleste fekk mosjonert. Ute var det skikkeleg haustver, og noken vart nok litt engstelege for turen neste dag da vegane var i ferd med å bli snødekte. Noken gjer ein litt større innsats enn andre, der eg har lyst å nemne bassist Karl Rønneberg og gitarist Rolf Nerhus - begge frå Valldal, også kalt Holekarane. Rutinerte og fleksible karar som hjelpte oss og svært mange andre med god og stødig komp under treffet. Det vart etterkvart mange speløkter før dei ut på natta kunne ta fatt på heimvegen.

 

 

 

Helsing Grethe og Ragnar Tomasgård.

Volda Toraderlag

 

  Den unge utgåva av den musikalske Stegegjerde-familien med et nostalgisk instrument.