På konsert med

HONNDALSTAUSENE

9. august 2008

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

 

Honndalstausene har i mange år vore eit begrep i gamaldanskretsar etter at dei under Distriktskappleiken i Vågå i 1983 dukka opp som eiga jentegruppe frå Vestlandet.

  Tradisjonsmusikken i Honndalen har dei siste 90 åra vore dominert av hardingfele, men desse aktørane trakterer like bra begge feletypene. No har dei markert sitt 25-års jubileum, der dei hadde bestemt at dei igjen ville by publikum på ny CD. Jentene det er Gunn Sølvi Gausemel, Marianne Tomasgård, Torunn Raftevold Rue, Gunnhild Sindre, Bente (Tomasgård) Storbakken, Tone Lien Dyrkorn og Synnøve Hjellbakk Hole, sju i talet.

 

   

 

 

Forventningane var store når ein no 25 år etter skulle møte igjen denne flokken og til og med ny CD. Det viser seg imidlertid at sjølv om det i lange perioder, har vore nærmast umogleg å få til samøvingar, meistrar dei framleis stoffet og samspelet, så det er ein sann fryd både for augo og øyra. Hovedkonserten var i hagen på Raftevold Hotell, der dei hadde den utruleg vakre Honndalen med vatnet og fjella som naturlege kulisser.  Nytt stoff har dei og funne fram og fått på plass til. I alt har dei 25 innslag på den nye CD-en.  Fint utvalg med runddansslåttar, halling, springarar og marsjar i fin fordeling.

 

 

 

Ein skal ikkje legge skjul på at jentene har fått noko profesjonell assistanse der dei har dyktige musikanter i ryggen. På trekkspel finn vi rutinerte Tore Løvgreen, beskjeden uten "overspeling", og alltid på plass i lydbildet der han skal være. På bass finn vi rutinerte Martin Thue, og gitarist er Arne Sigurd Haugen. Svært rutinerte folk som sikrar eit godt hørbart produkt og fell fint inn som støtte til felegruppa.

Når det gjeld melodivalg har dei nytta tradisjonsstoff frå heimbygda Honndalen med mange kjende navn. Vi nemner Lars Brendefur, Ole Langøylid, Lars Thomasgaard, Lars Hjelbakk, Magne Maurset, Arne Sølvberg, Leif Tomasgaard, Ragnvald Lunde , Samuline Seljeset og mange fleire. Gode tradisjonsnamn som får den ære å være med på laget.

Kvinnelige ”spelmenn” har lang tradisjon i Honndalen og lista med dugande spelkvinner er lang. Alle kjenner historia om Loms-Jakob som kom til Seljeset og vedda "storeplagget", som han alltid bar med seg på ferdene mot å få høyre ein god springar av Samuline Seljeset (f. Muldsvor), som ikkje følte seg i slag til å spele på kommando. Storeplagget kunne imidlertid kome vel med. Då ho tok ned fela og byrja stemme, ante Jakob allereie at han kom til å tape veddemålet. Jakob fekk springaren og kona fekk plagget.  Om det vart kalde netter for Jakob seier soga lite om.

Nemnast må også at Sven Nyhus har assistert med tilrettelegging av CD-en og han kan sine ting. I en alder av 75 år er han framleis aktiv med eiga gruppe. Han bidrog også med musikalsk innslag under konserten, og fekk høve til å spela på dansen seinare på kvelden.

Jentene er aktive med musikk, kvar på sin kant, og i tillegg er dei etablert med familie og jobb, og begge deler krev sitt. Dei spretne unggjentene frå Distriktskappleiken i Vågå, ber alderen usedvanleg bra, og bunad er framleis festplagget berre så det er sagt.

For meg og kona, var konserten ei kjærkoma stund, og publikum gjekk mann av huse, for å få med denne feststunda.  Applausane var mange, og velfortjent. Dette er musikk til å bli glad av. Mange år er gått sidan Erling Krokens kvartett presenterte god Honndalsk tradisjons-musikk på LP, og dei har fått gode arvtagere. Slåttetilfanget i område er nærast ubegrensa. Ein god del er i bruk, men mykje bra melodistoff, ligg framleis nedstøva, klar til å hentast fram for komande talenter.

Vi gratulerer "tausene" med produktet og ynskjer lukke til med mange produktive år enno.

                                                  Grethe og Ragnar Tomasgård

 

F.v. Marianne Tomasgård, Torunn Raftevold Rue, Bente (Tomasgård) Storbakken, Tone Lien Dyrkorn, Synnøve Hjellbakk Hole, Gunn Sølvi Gausemel og Gunnhild Sindre.

Foto: © Gitte Johannessen.

 

   

 

   

 

Honndalstausene 25 år! Jubileumskonsert med Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø, som kulisse.

Frå venstre: Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole, Bente (Tomasgård) Storbakken, Marianne Tomasgård, Tone Lien Dyrkorn, Torunn Raftevold Rue og Gunn Sølvi Gausemel (leiar). Bak frå venstre Arne Sigurd Haugen (gitar), Martin Thue (kontrabass) og Tore Løvgreen (trekkspel)

Foto: Irene Lødemel © Gunn Sølvi Gausemel

      Det svingar i hotellhagen i Hornindal – ein flott augustdag der svært mange hadde funne vegen til konsert ved Raftevolds hotell.

Foto: Irene Lødemel © Gunn Sølvi Gausemel

 

 

   

 

     

  Sven Nyhus kvartett. Martin Thue (kontrabass), Sven Nyhus (fele),Tore Løvgreen (trekkspel) og Arne Sigurd Haugen (gitar)

Foto: Irene Lødemel © Gunn Sølvi Gausemel