Triveleg trekkspeltreff på

"Raftevolds", Hornindal

 oktober 2009

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

 

Velkomne til Hornindal nok ein gong

Hornindal Trekkspelklubb har tradisjon for saman med Raftevolds Hotell å stelle i stand trivelege spel- og dansetreff i oktober. Det gjorde dei også denne hausten. Eg har følgt desse samankomstane frå starten av, og der har vore ein klar auke i interesserte grupper og lag.

Treffet startar på fredagkvelden med dans etter kveldsmaten for dei som ynskjer å få med seg den. Klokka 21.00 stod første laget klar i Storstova der det er prima dansegolv og i tillegg godt om sitteplassar for dei som må ha ei kvil mellom danseøktene. Kåre Tvinnereim fiksa lydjobben fint og fekk vel og tid til eit innslag med Hornindal Spelemanslag.

 

 

 

 

 

 

          Vakker høststemning over Hornindalsvatnet  

 

   

 

 

Konsert laurdag ettermiddag

Heile 13 innslag fekk vi sjå og høyre. Konferansier var uforlignelige Odd Arne Halaas, og han greide lett å få opp stemninga med sine velformulerte verbale innslag der han fekk vise seg som ein skikkeleg humorist. Denne oppgåva ikkje berre meistra han, men gjorde sitt til at publikum trivdest og nervøse aktører snart følte seg trygge og velkomne på scena. Her var det unge og eldre hand i hand. Mange med belg på brystet av litt forkjellig slag både med to og fem rader samt pianospel. Dei som mangla komp fekk hjelp av Reidar Dahle og Sigbjørn Brunstad med gitar. På bass var Odd Arne Risvik hjelpsam til mange. Desse karane har årelang rutine, og som god vin blir dei faktisk bedre ettersom åra går.

 

 

 

  Odd Arne Halaas - konferansier          

 

Hornindal Trekkspelklubb opna "ballet" som seg hør og bør med melodiske og fine melodier og arrangement. Nedover på lista fann vi ”toraderkjendis” Vegard Hansen som kan sine ting. Han kjenner etterkvart dei mulegheiter som durspelet har.  Han er saman med andre fra området på plass på Noregs Musikhøgskule under kyndig leiing av John Faukstad og Tom Willy Rustad. Han leia og spelte med i Toraderlaget frå Ørskog og omegn som hadde taktfaste innslag med danseappell. Åmdalen Trekkspelklubb har vore faste gjester på disse treffa frå starten av. Dei er tallrike og rutinerte og leverer alltid bra. Frå Ørsta fann vi og Melle & Lødemel sitt orkester, denne gong med tre trekkspel og 2 fioliner og komp. Rutinerte karer med årelang dansespelerfaring.  Rauma Trekkspelklubb hadde og funne vegen og stillte med innslag både på konsert og til dansespel. Dei trivst tydelegvis på desse treffa og tek gjerne den lange vegen.

 

   

 

 

 

  Møregjengen spilte godt med fine arrangement. Leiar Alf Vatne i midten       Hornindal Trekkspelklubb opna ballet med leiar Linda Gytri til høgre  

 

Av yngre solister merka ein seg Inger Johanne Nupen og Kristina Farstad Bjørdal som er unge friske skot på trekkspelstammen frå Ørskog og Omegn Trekkspelklubb, men dei er ikkje åleine. Det spirer og gror i det flotte miljøet som dei har greidd å skape med driftige leiarar og gode instruktører. Noken har som ment allereie teke vegen vidare til Oslo og Noregs Musikkshøgskule.

Stilige Yuliana og Arne Johnsson fekk sitt innslag og avleverte som tidlegare flotte duetter. Samspelet er i orden i alle fall, så vi er spent på om det kjem ein neste generasjon, som i alle fall har gode trekkspelgener å starte med.

Morten Bollerud har krympa litt Nipelaget, og satsa på mindre gruppe, Bayazz. Tre trekkspel og komp også med vokalinnslag ved Leif Halse, som ikkje er han som skriv Vangsgutane, men navnebror.  Saman let det spanande, og dei sørga for triveleg musikk også til dansen. Med to stødige aktører ved sida av, fekk gode Morten sleppe seg litt laus og lage fine ting ved sida av melodistemma.

 

 

Ørskog og Omegn Toraderlag med et par femradere, leia av Vegard Hansen

 

   

 

 

Så var det Alf med etternavn Hågedal. I samspel med Odd Arne Halaas presterte dei duettar av toppklasse. Jularbostoff fullt på høgde med "Meistaren" sjølv. Det er ei oppleving å kunne sjå og høyre desse toppaktørane, og når sampelet fungerer maksimalt, blir det trivelege stunder. Nokon meinte Jularbos ånd svevde over scena, og han var nok i tankane til fleire.

Deretter entra den nye gruppa "Stri Tørn" scena med Reidar Dahle, Vidar Aam, Idar Vatne og nok ein gong Odd Arne Halaas. Dei hadde nyleg returnert etter ein turnerunde på Shetland, og der vart dei godt mottekne. Ikkje å undrast på, for det er kjekke karar som kan sine ting, og med Halaas som "presentør", ligg dei godt an på humørbarometeret.

Spelemanslaga både frå Hornidal og Eid spelte bra, og som gode grannar hjelpte dei kvarandre både med spel og song så det vart trauste grupper. Mykje av melodistoffet er felles og i alle fall kjendt nok til å kunne henge med. Festleg innslag i alle fall. Randi`s Gammaldansorkester var sjøvsagt også på plass.

  

 

  Alf Hågedal          

 

   

 

 

På eit treff av denne størrelse og med to salar, er det umogleg å få med seg alt, men triveleg var det i alle fall der alle fann seg til rette i triveleg atmosfære. Treffet synes framleis å være blinkskot og publikum var tallrike både på konsert og dansen om kvelden. Eit einsleg trekkspel på korridoren etter frokost søndag, skapte ei fin avslutning på ei tvers gjennom triveleg og vellukka helg for Hornindal Trekkspelklubb og hotellets folk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Rauma Trekkspelklubb er alltid representert på Honndalstreffa