Vårtreff i Honndalen

 16.-17. april 2010

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Så har Toradertausene (Dalatrekkjen) i Honndalen avvikla nok eit vellukka Vårtreff. Triveleg og vellukka, kanskje litt mindre trangt på dansegolvet enn enkelte andre år, men slikt svingar litt og det skjer mykje rundt omkring. Konserten på laurdag var imidlertid godt besøkt. Mange fine og interessante innslag, og då Duo Jupiter dukka opp som finale, vart nivået brått svært høgt. Dei har både teknikken og arrangementa i orden.

 

Dalatrekkjen

 

Hornindal Trekkspelklubb med senior Emil Kroken t.v.

 

Honndalen har i alle år hatt ein god stamme med spelemenn som har dyrka den gamle tradisjonsmusikken. Då Hornindal Spelemanlag var skipa på 60 talet, fekk folkemusikken ein ny giv og dei gamle melodiane og danseformene vart henta fram igjen. No er stoffet jamt i bruk både av yngre og eldre spelemenn. Av "Gamlekarane" som var med og stifta Spelemanslaget, er det ikkje så mange igjen, men nok til at tradisjonen har gått nokså ubroten. Ikkje minst er det kome ein sterk kontigent med yngre flinke folk som har lært seg kunsten. Musikkskulen og barnehagen har hatt ein viktig funksjon, og ein må nok eingong nevne Oline Otterdal Løvlid som utrøtteleg eldsjel for vokalstoffet og eldre danseformer der målgruppa er ungdommen i grunnskulen.

 

Ørskog og Omegn toraderlag

 

På konserten fann vi gode innslag med torader solo og i grupper, trekkspelgrupper og orkester, samt også sanginnslag. Dei som avrunda konserten var ingen ringare enn Jupiter Duo som litt tilfeldig var i område. Dei to aktørane her er Lars Røyseng og Stian Aase. Den siste inngår også i gammaldansgruppa AskerLadden til Ingunn Bjørgo, som like galant trakterer både torader og trekkspel. Her fekk vi framføring av elegante innslag i form av flotte duetter med eminent teknikk. Litt å strekke seg etter for dei som vil opp til eit høgare nivå, men tru meg: Ein kjem nok ikkje dit heilt av seg sjølv så der er nok lagt ned grundig øving før dei går på scena med slike musikkstykker.

 

"Åtgaum" - nystarta gruppe av Vegard Hansen t.h.

 

Så var det middagsluren eller ein frisk spasertur for dei som følte seg litt tunge i kroppen etter fredagskvelden eller rettare sagt "fredagsnatta". Buskspelet som vi brukar å finne i kafeteriaen uteblei både før og etter middag.  Derimot var der ein spelsugen gjeng på rom 202 som etter middagen nytta høvet til å lufte belgen. To trekkspel. bass og ein torader på topp. Trur sjølv det let skamlaust. Rart kor ein finn kvarandre sjølv ein ikkje får så mykje høve til å øve ilag. Etter å ha høyrt dei gode "kanonmusikarane" er det nok ein del som har høg terskel for å drage fram instrumenta, men det bør finnast ein plass for dei og.

 

Til hausten i oktober, er det Hornindal Trekkspelklubb sin tur, som inviterer til triveleg samkome. Dei er framleis sterkt oppegåane etter mange år og hadde også sine innslag på Vårtreffet. Vi takkar Dalatrekkjen for invitasjon og hotellet for god forpleining!

 

Grethe og RagnarT

Volda Toraderlag